Piczo

Log in!
Stay Signed In
Do you want to access your site more quickly on this computer? Check this box, and your username and password will be remembered for two weeks. Click logout to turn this off.

Stay Safe
Do not check this box if you are using a public computer. You don't want anyone seeing your personal info or messing with your site.
Ok, I got it
Gutta på tur!
Tilbake til heimesida...
Dette er historia om Ost, Pop og Loodo.
Dei ville utforske den mytiske hola i Alnesutmarka, "Huldrehola". Det vert sagt at ein hund ein gong sprang gjennom, og kom ut på Godøysida, utan eit hårstrå på kroppen!!
Dette måtte undersøkjast!
Førebuingar schmørebuingar...
"Eg har ikkje fått som hatten passar" uttalte Lyktberar Loodo.
"Kan dykk sjå øyrene mine no?"
"Dekk dei for all del til, din stirrige promp" sa fotoakrobat/andreanførar Pop, med ein stagmatisk undertone.
Mindre hindringar i ein ekspedisjons trase, slikt må ein berre rekne med.
For å skilje mellom sivilisasjon og villmark, ifølgje dei innfødte.
Hugs alltid å dokumentera, sjekk surfaren som kavar i fjøra.
Ser du han ikkje? Åt babord i biletet?
Ser du han enno ikkje?? Åt styrbord no..
Ser du verkeleg ingen surfar? Midt på biletet, men kanskje det var ein annan dag..
Mr. Loodo såg han. Tydeleg prega.
Blodtørstige saudar bak grinda seier du? hmm, skeptisk..
Eg byrjar å kjenne hugen etter ei hulder. Kan me fara iveg til den frykta hola no, skal tru?
Men fyrst, litt lett spekulativ posering.   Dette er den fryktlause ekspedisjonsdokumentatoren Mr.Ost.
I veska si har han brus, kjeks og tannpirkarar. I tillegg til sjølvsagt ein kalkulator. For å kalkulere faremomenta.
Mr Ost og Mr Pop har tidlegare utforska denne skråninga.   Mr Loodo er vettaskremt, men varm innvendig av tanken på fråveret den gongen.
Fleirfaldige kilometer, samt etter ei viss tid, syner ekspedisjonens fyrste delmål seg. Inngangen til Huldrehola ligg føre. Kva ventar!?
Det manglar ikkje på faremoment.
Kven har putta den teite steinen her??
Mr Ost ristar laus, det diskuterast kven som skal halda kven i handa først.
Framleis skeptisk, men ved godt mot.
Mr Loodo nyttar høvet til å lense jolla. Smart trekk, då huleurinering er strengt forbode.
"Nei halan i bøtta, kom du der?" skvatt Mr Loodo. Sjølv med tom jolle er han ein smule skvetten.
Dersom vi slår hovuda våre saman, kanskje vi klarar å presse oss ned i den skumle hola?
"Hirr hirr", knirkar Loodo. Han har ikkje reservebatteri til lykta. Mr Pop trakk den korte stråmannen, og dristar seg først utføre kanten.
Ikkje særleg vågal, eigentleg. Lettskremt fyr, dette.   Dog er vel synet av ein avgrunn trongare enn sitt eige gangsyn kanskje grunn god nok til å laga eit fjæs som dette.
Til tider måtte det avansert åling for profesjonelle huleforskere til.
To av dei viktigaste rekvisittane for huleforskning; hovudlampe og kinnskjegg.
Etterkvart som karane kravla seg lengre inn i hola byrja ein å kjenne symptoma på den ikkje so velkjende holekravlarsjuka.
Ekspedisjonen tar seg ein velfortjent pust i .. det som for augneblinken vert definert som bakken..
Ein god del strabasiøse minutt, ja kanskje timar seinare, verkar det som om ekspedisjonen er nær eit gjennombrot!
Brått, og litt uventa, ja nesten ut av det blå, berre mørkare, åpenberar det seg ei brei passasje...!!
Det var i grevens tid at karane fann ei vasskjelde, då dehydreringa kom luskande som nissen på kjerringa.
Langt om lenge, og lengre enn langt, vart bekken over vatnet smal og høg. Det var liten eller ingen logikk i utforminga på denne hola.
Huldrene hadde tydelegvis vore var for ytre påverknad, og sett opp ei sperring. Men karane ante fred, ingen fare, og dessutan skimta dei lys i tunellen, som det heiter.
Fryktlause, framhaldssame og fredfulle kunne det konstaterast at ordtaket ikkje er grunnlaust!
Målet var nådd, og framleis ingen merkbare skavanker!
Velberga ute av hola stoppar karane opp. "Ormeblad", mumlar Loodo..
"Kva så di pingle?" gryntar Pop i bakgrunnen.
Det var ei overrasking, men over utgangen hang det og dingla ein stein, liknande den teite steinen på andre sia.
Skumle greier, tykte karane, då det vart tolka som overhengande fare.
Eit knas og ein knekk, og steinen var laus, men kva gjer vel det når Mr Pop har superkrefter!
Med berre venstra stoppa han steinen i fritt fall. Det var nummer før alle vart knust, og ikkje minst inngangen (utgangen) stengd av den GIGANTISKE steinen...
Men kva har skjedd? Har verknadane av hola starta å melde seg??
Ved hjelp av primitiv avstandsmåling med ein blodig tommeltott og diffust langsyn prøvde Mr Ost å finne ut av mysteriet som var i ferd med å utspele seg.
Etter all sannsynligheit verka det som om hola har ein krympande effekt, i alle høve på menneske. Kjipern..

Men alt i alt var ekspedisjonen svært vellukka. Karane var ganske skitne, våte, blodige, slitne, svoltne og ein smule vanvyrdne. Det er ikkje verst berre det, so må ein berre ta forminskinga med ei klype salt.

Punktum.
Tilbake